Meldeplikt til barnevernet

Alle skal melde frå til barnevernet om dei har grunn til å tru at eit barn lir overlast.
Alle skal melde frå til barnevernet om dei har grunn til å tru at eit barn lir overlast.

Alle som arbeider i det offentlege skal etter lova melde frå til den kommunale barneverntenesta om dei har grunn til å tru at eit barn lir overlast. Meldeplikta set teieplikta til side.

Dersom det er grunn til å tro at eit barn blir mishandla, eller blir utsett for andre former for alvorleg omsorgsvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, har ein offentleg/privat instans plikt til å melde frå til barneverntenesta i kommunen.

Meldeplikt

For at barneverntenesta skal kunne løyse sine oppgåver overfor barn og unge, er den avhengig av at dei som er bekymra for eit barn melder frå til den kommunale barneverntenesta. Gjennom si daglege nære kontakt med barn, er m.a. dei tilsette i barnehagane og lærarane i skolen i ein sentral posisjon til å kunne observere og motta informasjon om barna sin omsorg- og livssituasjon.

Den lovpålagde meldeplikta gjeld når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det er andre former for alvorleg omsorgssvikt. "Grunn til å tru" tyder berre at det er ein konkret mistanke eller uro. Plikta gjeld òg når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Teieplikt

Alle som arbeidar ved ein offentleg/privat instans er omfatta av reglar om teieplikt. Teieplikt betyr å halde visse person- og næringsopplysningar hemmelege, slik at uvedkomande ikkje får kjennskap til dei. Dette inneber også eit forbod mot å formidle opplysningane til andre. Teieplikta inneber at ein har eit ansvar for aktivt å beskytte opplysningane.

Meldeplikta set teieplikta til side

Meldeplikta set teieplikta til side. Årsaka er at barnevernet må få opplysningane dei treng for å trygge barn mot vald, mishandling og andre former for omsorgssvikt som kan skade helsa og utviklinga til barnet. 

Opplysningsplikt

Opplysningsplikta til barnevernet går foran lovbestemt teieplikt, og er begrunna i barnevernet sitt behov for å motta opplysningar om barn i alvorlege omsorg- og livssituasjonar. Dette betyr at teieplikt blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er til stades.

Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og individuelt ansvar som er pålagt alle tilsette i barnehagane og skolane. Som regel er det styrar/rektor som gir opplysningar til barneverntenesta.

Lovgrunnlag

Meldeplikta framgår i Barnehagelova § 22, anna ledd, Opplæringslova § 15-3 og Barnevernlova § 6-4.
Dei same paragrafane presiserer at opplysningsplikta gjeld både av eige tiltak, og etter pålegg frå barneverntenesta eller andre barnevernmyndigheiter.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å sikre at alle tilsette i kommunen veit nok om meldeplikta, og om høvet til tverrfagleg samarbeid og kommunikasjon innanfor reglane om teieplikt. Tilsette i barnehagar og skolar har dagleg kontakt med barnehagebarn og elevar. Difor er det særskilt viktig at desse veit om meldeplikta. Også andre kommunale tenester møter barn og familiar regelmessig, til dømes den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Fylkesmannen si oppfølgjing

Fylkesmannen har i 2015/2016 hatt ein gjennomgang av rutinar for meldeplikt i kommunane og dokumentasjonen syner at kommunane har rutiner for slike forhold. 

Sjå rettleiar frå Kunnskapsdepartementet