Kan fleire små barnehagar slåast saman til ein stor?

Fleire små barnehagar kan unntaksvis organiserast saman som ei verksemd med ein styrar, til dømes der det er vanskeleg å få kvalifisert personale. Dette er meint som ein snever unntaksregel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2017

Fylkesmannen har fått spørsmål om dette, og vi minner om regelverket:

Barnehagelova

Det går fram av merknadene til § 17 i barnehagelova i Ot.prp. nr. 72 (2004-2005) at fleire små barnehagar unntaksvis kan organiserast saman som ei verksemd med ein styrar, til dømes der det er vanskeleg å få kvalifisert personale. Dette er meint som ein snever unntaksregel.

Vurderingar

Ved vurderinga må det leggjast vekt på verksemda sin størrelse etter ei samanslåing, på barnehagane si geografiske plassering i forhold til kvarandre og på tilgangen til kvalifisert personale. Utdanningsdirektoratet meiner at jo større geografisk avstand det er mellom barnehagane, desto meir vil styrarressursen bli svekka, og dermed kan det ikkje opnast for samanslåing. Når barnehagebygga er skilde, med meir enn fleire minuttars gangavstand mellom bygningane, skal dei som hovudregel reknast som fleire sjølvstendige barnehagar og godkjennast var for seg.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å vurdere behovet for styrarressurs ved godkjenning av barnehagar. Dersom det skal  gjerast endringar i organiseringa av styrarressursen, må kommunen vurdere om ressursen er forsvarleg, t.d. gjennom tilsyn.

Vi viser elles til tolkingsuttale frå Utdanningsdirektoratet:

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk-barnehage/ovrige-tema/Ledelse-og-organisering-av-barnehager/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.