Barnehage
Publisert 23.09.2012 Oppdatert 05.04.2017
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode høve for leik og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.
Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.
Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.
Vis meirSlå saman
-
18.04.2018
Utlysing av restmidlar til symjeopplæring for barn i barnehagar 2018
Fylkesmannen i Rogaland lyser med dette ut rest-tilskotsmidlar for symjeopplæring i barnehagar på kroner 1 647 000. Kommunar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring av barn i barnehage, kan søkje Fylkesmannen om tilskot. Søknadsfrist er 25. mai 2018
[ Les meir ]
-
10.04.2018
Skjerpa pedagognorm i barnehagen
Den pedagogisk bemanninga i barnehagar er fastsett i forskrift om pedagogisk bemanning § 1. Frå 1. august 2018 blir pedagognorma i barnehagen skjerpa. Då skal det vere minst ein pedagogisk leiar per 7 barn under tre år, og minst ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år.
[ Les meir ]
-
09.04.2018
Regjeringa foreslår nye grep som kan styrkje tidleg innsats i barnehagen
Regjeringa foreslår mellom anna ei ny norm for bemanning i barnehagen, og at kommunane kan gi dispensasjon frå bemanningsnorma for inntil eitt år om gongen når særlege omsyn tilseier det og at Fylkesmannen er klageinstans for vedtak om dispensasjon.
[ Les meir ]
-
22.03.2018
Alle barnehagar skal synleggjere samisk kultur
Den nye rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagane har tydelege krav til kva som blir forventa av barnehagane. I barnehagen skal samiske barn få hjelp til å behalde og utvikle språket sitt, kunnskapen og kulturen sin, uavhengig av kvar i landet dei bur. Kommunar med samiske barnehagar og barnehagar med samiske avdelingar, har eit særleg ansvar i tillegg til dei kommunane som har barnehagar med samiske barn, jf. bhgl. § 8, tredje ledd.
[ Les meir ]
-
21.03.2018
Kompetansemidlar til ikkje - kommunale barnehageeigarar 2018
Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vidareføre eit nasjonalt prøveprosjekt med kompetansemidlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar som ønskjer å auke tilsette sin kompetanse i barnehagar på tvers av kommunegrenser. Søknadsfrist er 4. mai 2018
[ Les meir ]
-
02.03.2018
Nettkurs om barnehage og mobbing
Nettkurset har som føremål å utvikla kompetansen i barnehagar, hos barnehageeigar og barnehagemynde, slik at plikta barnehagen har til å ta i vare barna sine behov for omsorg, trivsel og oppleving av å bli inkludert, blir ivaretatt. Gjennom kurset vidareutviklar deltakarane både individuell kompetanse og barnehagen sin kollektive kompetanse.
[ Les meir ]
-
19.02.2018
Webinar for barnehagar
Eit Webinar er eit opptak av gode førelesingar som kan sjåast når det høver best. Opptaka kan vere til inspirasjon for barnehagane sitt arbeid med ny Rammeplan.
[ Les meir ]
-
27.11.2017
Ståstadsanalyse for barnehagar
Ståstadsanalysen hjelper barnehagane å gjennomføre ei kvalitetsvurdering for å finne fram til mål og tiltak som skal prioriterast i det vidare pedagogiske arbeidet.
[ Les meir ]
-
13.11.2017
Barnehagekonferanse om overgangar
Ny rammeplan vektlegg at barnehagar skal jobbe aktivt for å sikre trygge og gode overgangar for barn. Fleire kompetansesentre har gått saman for å lage ein konferanse med fokus på overgangar til barnet sitt beste. Konferansen er den 24. januar 2018 på Gardermoen eller den 7. mars 2018 i Bodø.
-
08.11.2017
Kan fleire små barnehagar slåast saman til ein stor?
Fleire små barnehagar kan unntaksvis organiserast saman som ei verksemd med ein styrar, til dømes der det er vanskeleg å få kvalifisert personale. Dette er meint som ein snever unntaksregel.
[ Les meir ]
Fleire nyhende