Barnehage og opplæring

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Kommunane har plikt til å tilby plass i barnehage til barn som fyller eitt år før 1. desember det året foreldra søkjer om opptak, dersom barnet er busett i kommunen. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Fylkesmannen gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Fylkesmannen skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Fylkesmannen har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


13.02.2019

Gode råd om mat og måltider i barnehagen

Barnehagane bør leggje til rette for minst tre måltider om dagen, god tid til å spise, frukt og grønt på menyen og at barna deltek i matlaginga. Dette er nokre av dei nasjonale oppmodingane som Helsedirektoratet gir om mat og måltider i barnehagane.


12.02.2019

Kompetanseheving - Inkluderande barnehage- og skolemiljø

Trenger de støtte i arbeidet mot mobbing? Utdanningsdirektoratet tilbyr kompetanseutvikling som skal styrke barnehagar, skolar og skoleeigarar sin kompetanse i å fremme trygge miljø gjennom å førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar. Nå rekrutterer direktoratet til pulje 4 i det samlingsbaserte tilbodet, og til pulje 2 i det nettbaserte tilbodet.


08.02.2019

Kjønnsforskjeller i utdanningsløpet (Stoltenbergutvalet)

Stoltenbergutvalet har kome med ein rapport som syner skilnader mellom kjønn i skolen. Gutane oppnår lågare karakterar og fell frå i større grad enn jentene. 

Utvalet har kome med forslag til tiltak som kan motverke skilnadene. Forslaga er no ute på høyring.


07.02.2019

Søk vidareutdanning

Tilsette i skolar og barnehagar kan søkje om vidareutdanning. Fristen er 1. mars 2019


07.02.2019

Midlar til symjeopplæring i barnehagen

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive med symjeopplæring, kan no søkje Fylkesmannen i Rogaland om tilskot for 2019.


31.01.2019

Rett tiltak i skolemiljøsaker?

Utdanningsdirektoratet har laga ein nettressurs om kva skolane kan gjere når dei får vite, eller har mistanke om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.


17.01.2019

Korleis bruke resultata frå dei nasjonale prøvane i lesing?

Vil du lære meir om korleis du kan gjere elevane dine betre i lesing i alle fag? Meld deg på fagdag om nasjonale prøvar i lesing 3. eller 4. april 2019!


07.01.2019

Klage på standpunktkarakter 2019

Her finn du rettleiing til klage på standpunktkarakter, skjema til faglærar og lenkje til elektronisk skjema.


17.12.2018

Opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Kommunar/fylkeskommunen kan nå sende søknad om tilskott for hausten 2018. Frist for å søkje tilskot er 15. april 2019. Tilskottet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane til å gi grunnskoleopplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg.


12.12.2018

Nytt om barnehage og skole for 2019

Utdanningsdirektoratet informerer om ny rettleiar for dei som arbeider med barn med behov for altrnativ og suppelerande kommunikasjon (ASK), felles gjennomføringsperiode for nasjonale prøver, nye læringsstøttande prøver i matematikk, reviderte kartleggingsprøver, endringar i privatistordninga, rettleiar for skolen sitt førebyggjande arbeid med sjølvmord og sjølvskading mm.

Gå til Utdanningsdirektoratet sine nettsider


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel