Biologiske foreldre til adoptivbarn

Adoptivbarn som har fylt 18 år, har rett til opplysningar om kven som er dei biologiske foreldra deira. Fleire instansar har ansvar for å gi den adopterte opplysningar om biologisk bakgrunn, avhengig av når adopsjonen skjedde. Fylkesmannen kan gje opplysningar om adopsjonar gjort før 1. januar 1999. I saker av nyare dato er det Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som gir desse opplysningane.

Slik ber du om innsyn i adopsjonssaka di

Ta skriftleg kontakt med Fylkesmannen dersom du er adoptert og ønskjer informasjon om dei biologiske foreldra dine. Vi har informasjon om både norsk- og utanlandsadopterte. 

Skjemaet til høgre krev innlogging via ID-porten slik at vi får stadfesta at du er den du gir deg ut for å vere. Viss du brukar skjemaet, er det nok å skrive at du ønskjer innsyn i adopsjonsssaka di, oppgi namn på adoptivforeldra dine og årstal (omtrentleg) for adopsjon. 

Dersom du vel å sende eit vanleg brev til oss, må brevet innehalde:

  • Namn, fødselsdato og bustadsadresse
  • Signatur (du må skrive under på brevet du sender oss)
  • Namn på adoptivforeldra dine
  • Stadfesta kopi av legitimasjonen din. Legitimasjonen må ha bilete, og kan til dømes vere pass eller førarkort. Kopien må vere stadfesta av ein offentlege tenestemann eller advokat. Kopi som er stadfesta av post, bank eller kopieringskontor, kan vi diverre ikkje godta.  

Vis meir


03.12.2012

Korleis går eit adoptivbarn frem for å søkja etter sine biologiske foreldre?

Den adopterte skriv eit brev til Fylkesmannen med opplysningar om namn på adoptivforeldra og når ein er fødd. Dersom ein har opplysningar om det, ønskjer fylkesmannen å vite årstalet for adopsjonen. Dersom den adopterte ønskjer kontakt med dei biologiske foreldra, bør dette stå i brevet.