Innhaldet i bistandsplikta, barnevernlova pgf. 2-3, annet ledd

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har kome med ei omfattande tolkingsutsegn som gjeld presiseringar av innhaldet i Bufetat si bistandsplikt. Direktoratet gir her nokre viktige avklaringar, med særleg fokus på institusjonstilbodet. 

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2019

Rollar og ansvar

Tolkingsutsegna omhandlar Bufetat, barneverntenestene og barneverninstitusjonane si rolle og ansvar. Den går og inn på samhandlingsplikta mellom særleg Bufetat og barneverntenestene. I tolkingsutsegna blir og Fylkesmannen si rolle som tilsynsmyndigheit gjennomgått, med døme på kva som kan klagas på av både Bufetat, barneverntenestene og barneverninstitusjonane.

Prioriteringar og barns behov

Bufdir skriv at Bufetat må foreta prioriteringar innanfor tilgjengelege ressursar for å kunne gje nødvendig hjelp. Prioriteringane må skje innanfor rammene av dei krav som stilles til egna og forsvarleg tiltak. Det enkelte barns behov må balanserast mot andre omsyn, men kravet til forsvarlege tenester inneber uansett at tiltaket må vere tilpassa barnets behov.

 

Vidare omhandlar tolkingsutsegna barneverntenesta og Bufetat sitt ansvar for å sikra barnets rett til å medverka, samt vektlegging av avstand mellom heimstad og institusjon.

Samhandlingsansvaret

Fylkesmannen i Rogaland viser særleg til det Bufdir skriv om barneverntenesta og Bufetat sitt samhandlingsansvar. Her skisserer Bufdir mellom anna kva informasjon barneverntenesta sin anmoding til Bufetat normalt bør innehalda om barnet, hjelpebehovet og saka elles, ut frå kravet til forsvarlege tenester og barnets beste. Bufdir presiserer og at Bufetat si bistandsplikt gjeld uavhengig av sakas kompleksitet. Lova opner ikkje for at Bufetat kan avslå kommunens anmoding om bistand til plassering ut frå ei vurdering av om plasseringa er forsvarleg.

Utskriving frå institusjon og ansvar for forsvarlege tiltak

Vidare framgår det at Bufetat ikkje på eiga initiativ kan skriva barn ut frå ein institusjon. Dersom det oppstår usemje mellom barneverntenesta og Bufetat om inntak og utskriving følger det av barnevernlova § 5-4 at Fylkesmannen etter anmoding skal ta stilling til spørsmål om innskriving og utskriving.

 

Bufetat har eit sjølvstendig ansvar for forsvarlege tiltak, og har eit ansvar for at plasseringar ikkje er i strid med lova. Dersom Bufetat vurderer at ei plassering er i strid med lova, og barneverntenesta er ueinig, må Bufetat formidle sine vurderingar til Fylkesmannen. Det same gjeld dersom Bufetat meiner eit barn er plassert på feil heimel, og kommunen er ueinig.

 

Avslutningsvis seier tolkingsutsegna noko om plasseringar som ikkje er førehandsklarert med Bufetat. Kommunen vil sjølv stå økonomisk ansvarleg for plasseringskostnaden i slike tilfelle.

Lenke til denne uttalelsen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.