Endringar i barnevernlova

Frå 19.06.2020 er samtaleprosess i fylkesnemndene, rett til ettervern opp til 25 år og krav til årleg tilstandsrapportering av barneverntenestene ein del av barnevernlova. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2020

Endringane som er vedtatt er:

  • auka aldersgrense for rett til ettervern frå 23 til 25 år
  • innføring av samtaleprosess som ei varig ordning i fylkesnemndene
  • innføring av krav om årleg tilstandsrapportering til kommunestyret
  • endring i fylkesnemndenes stedlege verkeområde
  • betre vern av barn med skjult adresse

Ikraftsetting

Samtaleprosess trer i kraft frå 01.07.2020. Rett til ettervern frem til fylte 25 år krev finansiering, og det er derfor uklart når denne endringa trer i kraft. Dei øvrige endringane trer i kraft 01.01.2021. 

Du kan sjå dei nye bestemmelsane her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.