Bufetat si bistandsplikt

Når kommunen ber Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) om hjelp til å finne fosterheim eller institusjon til barn som skal flytte, har Bufetat plikt til å finne eit forsvarleg tiltak. Tolkingsuttale frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gir ei avklaring på kva som er innhaldet  i bistandsplikten. Bufetat skal alltid gjere ei sjølvstendig vurdering av om tiltaket dei tilbyr kan gje barnet den omsorga og hjelpa det treng.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.08.2018

Bufetat sitt ansvar

Bufetat skal oppfylle bistandsplikten forsvarleg, jf. barnevernlova § 2-3 andre ledd , jf. § 1-4. Ved val av tiltak skal Bufetat leggje avgjerande vekt på å finne tiltak som er til barnets beste. Som del av dette skal barnet få medverke, jf. barnevernlova § 4-1.

Kravet til forsvarleg utøving av bistandsplikten inneber at Bufetat må sikre eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine avgjerder og at det blir føreteke forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnet sitt behov.

For å finne eit eigna tiltak må Bufetat ha kunnskap både om barnet sitt behov og situasjon og om aktuelle tiltak, jf. barnevernlova § 4-15 første ledd. Deretter må Bufetat gjere ei konkret individuell vurdering av kva tiltak som er eigna til å dekkje barnet sitt behov, og vidare kvifor tiltaket som vert tilbode er til barnets beste. Barnet sitt synspunkt på eigen situasjon og behov for hjelp er heilt sentral informasjon.

Bufetat må ha eit godt og oppdatert bilete av situasjonen på aktuelle institusjonar for å kunne vurdere kva som er ein eigna plasseringsstad for eit bestemt barn.

Forsvarleg behandling føreset at Bufetat behandlar alle innkomne søknader frå kommunane utan ugrunna opphald, jf. forvaltningslova § 11a. Kor raskt Bufetat skal respondere og tilby tiltak, skal vere styrt av barnet sin situasjon og behov, og ikkje ut frå den paragrafen tiltaket er heimla i.

Barneverntenesta sitt ansvar

Det er kommunen som har ansvar for å vurdere om eit barn har behov for tiltak utanfor heimen og for å ta avgjerd om kva type tiltak barnet har behov for. Når kommunen ber om bistand har den plikt til å gi Bufetat opplysningar som gjer Bufetat i stand til å finne eit eigna tiltak til barnet. Barnet sitt syn på flyttinga og kva som er viktig for barnet å ta omsyn til, er ein viktig del av den informasjon som kommunen må gjere greie for overfor Bufetat.

Samarbeid er nødvendig

Å finne fosterheim og institusjon som kan ivareta barn sine behov på forsvarleg måte krev tett samhandling og fagleg dialog mellom Bufetat og barneverntenesta.

Det høyrer til god forvaltningsskikk å sørgje for tilstrekkeleg dokumentasjon. Dette gjeld både for kommunen og Bufetat. Krav til å dokumentasjon er ei naturleg følgje av krav til forsvarleg saksbehandling og plikt til internkontroll, jf. barnevernloven § 2-3 tredje ledd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.