Barneverntenester må ha gode system for bruk av politibistand

Bruk av politi er eit svært alvorleg inngrep og kan berre nyttast av ein barnevernteneste etter strenge vilkår. I ein tilsynssak mot ein barnevernteneste i Rogaland har Fylkesmannen i Rogaland sagt ein del om kva slags skriftlege rutinar ein kommune som eit minstekrav må ha for at dette skal kunne vere forsvarleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2018

Barnevernleiar kan etter barnevernlova § 6-8 krevje politibistand i ein sak. Dette er ein svært alvorleg avgjerd, og barneverntenesta må etter forskrift om internkontroll etter barnevernlova ha gode system for at dette skal vere forsvarleg. I ein tilsynssak mot ein kommune i Rogaland har Fylkesmannen sagt ein del om kva slags skriftlege rutinar kommunen som eit minstekrav må ha på dette området. Ein anonymisert versjon av brev til kommunen ligg under «Dokument» i denne saka.

Også barneverninstitusjonar må ha gode system for bruk av politi, og vi viser til denne nyhetssaka for meir informasjon om det.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.