Tilsyn med undersøkingar i barnevernet - Dalane Barnevern og Indre Ryfylke Barnevern

Fylkesmannen har i 2017 gjennomført tilsyn med barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar i Dalane barnevern og Indre Ryfylke Barnevern. Begge er interkommunale barneverntenester.

 I tilsynet har vi mellom anna undersøkt:

-          om undersøkinga skjer i samsvar med regelverket

-          om barn og unge har fått medverke i eiga sak

-          om kommunen styrer tenesta i samsvar med «Forskrift om internkontroll for kommunens oppgåver etter lov om barneverntenester». 

Fylkesmannen fann avvik i begge tenesteneAvvika i begge kommunane var knytt til styring og at ein ikkje sikrar at lovkrava er oppfylte i alle saker.

Rapportane etter tilsyna kan du lese her.

 

Kontaktpersonar