Omlag ein tredel av alle fosterbarn i Rogaland bur i fosterheim rekruttert i familie eller nettverk

Som tilsynsmyndigheit har vi undersøkt barneverntenesta si vurdering og bruk av familie- nettverksplassering ved omsorgsovertakingar og frivillige plasseringar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.01.2018

22 av 26 kommunar  i Rogaland svarde på undersøkinga.

Totalt bor 33 % av alle fosterbarn i Rogaland i fosterheim rekruttert i familie eller nettverk. Nokre kommunar har ein mykje større del enn andre.

Barneverntenestene svarer at dei alltid undersøkjer om familie eller nære nettverk kan vere eit aktuelt plasseringsalternativ.  

Brevet frå Fylkesmannen til Bufdir gir ei oppsummering av undersøkinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.