Ivaretaking av einslege mindreårige flyktningar

IMDi har utarbeidd ei handbok for arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Vi utdjupar nokre av krava i handboka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2018

Kommunen sitt ansvar

Det er opp til kommunen å bestemme korleis ein forankrar omsorgsansvaret og organiserer butilbodet for einslege mindreårige. Kommunen sitt tilbod skal bidra til at barnet får gode oppvekstvilkår, opplever tilhøyrsle og tryggleik, erfarer meistring og ser moglegheiter i livet sitt. Kommunen må mellom anna legge opp til at barnet fullfører utdanning, deltar i samfunnet, har gode relasjonar og god helse. Kommunen må ha særskild merksemd retta mot barnet si psykiske helse, fare for menneskehandel, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Kommunen må også samarbeide med verja til barnet. Verja skal sjå til at barnet får den omsorga, helsehjelpa og skulegangen han eller ho har krav på.

Kommunen har ansvar for å sikre at barna er trygge døgnet rundt og å førebygge uønskte hendingar. Dei aller fleste einslege mindreårige har behov for vaksenpersonar rundt seg som kan gje tryggleik, omsorg og rettleiing. Barn som manglar nære vaksne vil vere meir sårbare. Om eit barn bur i eit bufellesskap som ikkje er døgnbemanna eller på hybel, bør barnet til ei kvar tid kunne kontakte ein vaksen dei kjenner.

Val av buform

Eit godt og heilskapleg butilbod må utformast med utgangspunkt i kva barnet treng, jf. barnevernlova paragraf 3-4. Kommunen må vurdere dette ut frå barnet sin identitet, bakgrunn, erfaringar frå flukta og livssituasjon, og barnet si meining må vektleggjast.

Klage og tilsyn

Barneverntenesta sine enkeltvedtak (hjelpetiltak) kan klagast på til Fylkesmannen, jf. barnevernlova paragraf 6-5. Mindreårige som ikkje har foreldre eller andre med foreldreansvar i landet har rett på ei verje til å ivareta interessene sine. Det er verja som på vegne av barnet kan klage på vedtaket.

Fylkesmannen har tilsyn med institusjonar som er godkjend av Bufetat, og kan utføre tilsyn for å undersøkje om kommunen følgjer barnevernlova. Det er kommunen sitt ansvar å ha ordningar for tilsyn med butilbodet når dette ikkje gjeld godkjende institusjonar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.