Dersom institusjonen mistenker at barn oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstandar

Barnevernsinstitusjonen kan ikkje be politiet om å løyse institusjonens eigne oppgåver, til dømes ransaking etter reglane i rettigheitsforskrifta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2017

Problem knytt til rusbruk kan nettopp vere bakgrunnen for at barnet er plassert i institusjonen. Institusjonane må ha personale og metodar for å kunne handtere slike situasjonar innanfor rammene av regelverket. Sjå side 7, 8 og 24 i kommentarane til rettigheitsforskrifta: Rundskriv om retningslinjer til rettighetsforskriften

Dersom institusjonen har informasjon som dei vurderer å gje til politiet, er det ulike moment dei må vurdere. Sjå Retningslinjer for vurdering av om det skal gis opplysninger om straffbart forhold eller anmeldelse av beboer i barnevernsinstitusjon eller omsorgssenter til politiet. Denne gjeld for dei statlege barnevernsinstitusjonane og omsorgssentra.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.