Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan opplevast som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. 

Publisert 25.05.2020, Sist endra 03.07.2023

Barnevernsinstitusjonar kan ikkje bruke politi til å løyse eigne oppgåver, men kan unntaksvis tilkalle politi for å handtere ein situasjon som har tilspissa seg. Institusjonen kan utan hinder av teieplikta gi politiet dei opplysningane som er nødvendige for å ivareta sine oppgåver etter barnevernslova, sjå barnevernslova § 13-1.

Meld frå til Statsforvaltaren med elektronisk skjema

Vi ber institusjonar orientere oss når barn har vore i kontakt med politi. Les meir i brevet «Når barn på barneverninstitusjon kjem i kontakt med politiet», som de finn under «Dokument». 

Om barn i barnevernsinstitusjon har hatt kontakt med politiet, skal institusjonen dokumentere hendinga og begrunne kvifor det var nødvendig med hjelp frå politi. 

Det er no utarbeida eit elektronisk skjema som kan brukast til å melde frå om politibruk. Dette skjemaet kan ein sende inn ved å bruke sikker innlogging via ID-porten.

Alternativet er å bruke skjemaet som ligg under «Dokument» og sende det inn via Sikker melding til Statsforvaltaren.

Når skal politiet gripe inn

Om ein barneverninstitusjon vurderer at det trengst hjelp frå politi og ber om dette, vil det vere opp til politiet å vurdere om dei kan hjelpe, og på kva måte. I nokre tilfelle har politiet ei eiga plikt til å gripe inn, etter politilova § 13. 

Under "Lenkjer" finn du rundskriv og retningslinjer som omhandlar samarbeid og hjelp frå politi i ulike situasjonar. Dette gjeld til dømes når barn som bur i barnevernsinstitusjon rømmer, sjå barnevernslova §§ 10-12 og 12-10, når barn oppbevarar rusmiddel eller farlege gjenstandar, eller når det oppstår ein akutt faresituasjon.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.