Barneverntenesta må fatte vedtak når ein avsluttar ei undersøking

Barnevernstenesta skal alltid dokumentere konklusjonen av ei undersøking i eit enkeltvedtak. Dette gjeld uavhengig av konklusjonen i undersøkinga. Vedtaket skal grunngjevast og kan klagast på.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2017

Vedtaket skal innehalde kva  arbeid som er gjort i undersøkinga, barnevernstenesta sine vurderingar og konklusjon i saka.

Dersom foreldra ynskjer andre tiltak enn det barnevernstenesta tilbyr, er dette å forstå som eit avslag på tiltak og det skal fattast vedtak. Foreldra har klagerett på vedtaket til Fylkesmannen. Ei klage skal sendast til barnevernstenesta, som skal behandle klaga etter reglane i forvaltningslova kapittel seks.

Ei avgjerd om å leggje vekk ei bekymringsmelding, eller å iverksette ei undersøking er ikkje eit enkeltvedtak og kan ikkje klagast på.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.