Barnevernstenesta kan ikkje la private føra tilsyn under samvær etter at eit barn er omsorgsovertatt

Tilsynet er eit kontrolltiltak som kan føra til at foreldre og barn blir nekta kontakt. Dette er svært inngripande, og tilsynet vil difor innebera offentleg myndigheitsutøving. Barnevernstenesta kan ikkje overlata til private å utøva offentleg myndigheit etter barnevernslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.05.2018

Barnevernstenesta kan likevel få bistand frå private til å gjennomføra tilsynet. For å ha den nødvendige kontrollen med vurderingane som skal gjerast, må også barnevernstenesta vera til stades under tilsynet. På denne måten får tenesta observert samspelet mellom barnet og foreldra, slik at dei på sjølvstendig grunnlag kan ta stilling til om skal gjerast endringar i samværsordninga.

Tilsette frå andre kommunar kan heller ikkje gjera jobben

Det er barnets opphaldskommune som har ansvar for å yta tenester og tiltak etter lova, sjå barnevernslova paragraf 8-1. Med mindre det er inngått eit vertskommunesamarbeid, kan barnevernstenesta difor heller ikkje nytta tilsette frå ein annan kommune til å gjennomføra tilsyn under samvær.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.