Alarmtelefonen for barn og unge er open i jula

TIL BARN OG UNGE: Jul og ferie er kjekt for dei fleste, men dessverre ikkje alle. Ferietid kan vera krisetid. Ta kontakt med Alarmtelefonen 116 111 dersom du treng hjelp eller nokon å snakka med. Det er heilt gratis.

Publisert 21.12.2023, Sist endra 21.12.2023

Blir du slått - eller trua med å bli slått? Drikk foreldra dine seg ofte fulle? Blir du misbrukt seksuelt eller mishandla psykisk? Ring 116 111

Det er ulovleg å slå

Fysisk vald er når noko slår deg, sparkar, luggar, klyp eller gjer andre ting som gjer vondt på kroppen. Det er ulovleg at vaksne slår eller gjer andre vonde ting mot barn. Vaksne har ikkje lov til å slå, sjølv om barna har gjort noko galt. Vaksne skal passa på at barna har det godt.

Kan du ringa?

Ja, det kan du! Du får snakka med ein vaksen som vil hjelpa deg. Dersom du er veldig redd, kan den du snakkar med ta kontakt med politiet eller legevakta der du bur. Hos Alarmtelefonen er det alltid nokon som er klare til å snakka med deg, sjølv om det er juleferie.

Kan vaksne ringa til Alarmtelefonen?

Ja, det kan dei dersom dei er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Det å melda ifrå om barn og ungdom som ikkje har det godt er ansvarleg og viktig.

Kan du kontakta Alarmtelefonen på andre måtar?

Du kan også senda e-post og sms. Er du i utlandet, må du ringa eit anna nummer:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.