Barnevern

Oppdatert 12.03.2024

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i barneverns- og helsenemnda.

Barn og unge har rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av barneverns- og helsenemnda, kan bringast inn for domstolane. Denne nemnda heitte tidlegare fylkesnemnda, men endra namn til barneverns- og helsenemda med den nye barnevernslova. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.02.2018

Landsomfattande tilsyn 2017 med Bufetat Region vest

Hovudføremålet med tilsynet var å undersøke om Bufetat sørgjer for forsvarleg ivaretaking av bistandsplikta i akuttsituasjonar og når barn flyttar på institusjon. Vi har påpeika fire brot på krav i barnevernlovgjevinga.

Rapporten omtalar funn innan dei områda tilsynet var avgrensa til og gir ikkje ei fullstendig framstilling av arbeidet.


Publisert 29.01.2018

Ivaretaking av einslege mindreårige flyktningar

IMDi har utarbeidd ei handbok for arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Vi utdjupar nokre av krava i handboka.


Publisert 22.01.2018

Omlag ein tredel av alle fosterbarn i Rogaland bur i fosterheim rekruttert i familie eller nettverk

Som tilsynsmyndigheit har vi undersøkt barneverntenesta si vurdering og bruk av familie- nettverksplassering ved omsorgsovertakingar og frivillige plasseringar.


Publisert 17.01.2018

Meldeplikt for kommunen når ei gravid rusavhengig kvinne blir tvangsplassert i helseinstitusjon

Kommunen pliktar frå 1. januar 2018 å melda frå til barnevernstenesta når ei gravid rusmiddelavhengig kvinne blir tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gir barnevernstenesta anledning til å opna undersøking utan den gravide kvinna sitt samtykke.


Publisert 09.01.2018

Ny lovendring styrker barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 blir barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken


Publisert 20.12.2017

Ei kartlegging og tilsyn med Krisesentertilbodet i Nord-fylket og Haugesund kommune

Fylkesmannen har i 2017 gjennomført ei kartlegging av kommunane i Nord-fylket sitt krisesentertilbod og vi har hatt eit systemtilsyn med Haugesund kommune.


Publisert 19.12.2017

Barneverntenesta må fatte vedtak når ein avsluttar ei undersøking

Barnevernstenesta skal alltid dokumentere konklusjonen av ei undersøking i eit enkeltvedtak. Dette gjeld uavhengig av konklusjonen i undersøkinga. Vedtaket skal grunngjevast og kan klagast på.


Publisert 13.12.2017

Tilsyn med undersøkingar i barnevernet - Dalane Barnevern og Indre Ryfylke Barnevern

Fylkesmannen har i 2017 gjennomført tilsyn med barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar i Dalane barnevern og Indre Ryfylke Barnevern. Begge er interkommunale barneverntenester.


Publisert 08.11.2017

Utgreiing sendt på høyring

Barne- og likestillingsdepartementet har til høyring ei utgreiing om korleis offentlege tenester kan og bør hjelpe barn som er utsette for vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt.

 


Publisert 02.11.2017

Kompetansestrategi for det kommunale barnevernet 2018-2024

Kompetansestrategien er ein del av Barnevernsreformen som Stortinget vedtok i juni i år 2017, og blei lansert av BLD 31.10. 17.