Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannen fører tilsyn og er klageinstans

Fylkesmannenfører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Vis meir

Vil du snakke med oss?

Til barn og ungdom på institusjon i barnevernet: Klikk her for å sende oss ei melding!

Til deg på barnevernsinstitusjon

Vi vil gjerne treffe deg:
brosjyre om korfor vi kjem dit du bur.

Dine rettar når du bur i institusjon og omsorgssenter
brosjyre på fleire språk.


20.08.2018

Bufetat si bistandsplikt

Når kommunen ber Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) om hjelp til å finne fosterheim eller institusjon til barn som skal flytte, har Bufetat plikt til å finne eit forsvarleg tiltak. Tolkingsuttale frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gir ei avklaring på kva som er innhaldet  i bistandsplikten. Bufetat skal alltid gjere ei sjølvstendig vurdering av om tiltaket dei tilbyr kan gje barnet den omsorga og hjelpa det treng.


27.07.2018

Meldeplikta til barnevernet har blitt meir tydeleg

For å få fleire til å melde til barnevernet når barn og unge kan vere utsett for alvorleg omsorgssvikt har plikta til å melde til barnevernet blitt klargjort i ei rekke lover.


18.07.2018

Å førebygge konfliktar på barneverninstitusjonar.

Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar.


31.05.2018

Det kommunale barnevernet skal styrkast

I perioden 2017–2024 gjennomfører Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet eit kvalitets- og kompetanseløft i dei kommunale barneverntenestene. Tiltaka skal syta for at barn, unge og familiar møter tilsette med høg fagleg kompetanse og tenester av god kvalitet, uavhengig av kva kommune dei bur i.


31.05.2018

Barnevernstenesta kan ikkje la private føra tilsyn under samvær etter at eit barn er omsorgsovertatt

Tilsynet er eit kontrolltiltak som kan føra til at foreldre og barn blir nekta kontakt. Dette er svært inngripande, og tilsynet vil difor innebera offentleg myndigheitsutøving. Barnevernstenesta kan ikkje overlata til private å utøva offentleg myndigheit etter barnevernslova.


04.04.2018

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. 


16.02.2018

Alle kommunar skal ha akuttberedskap for barnevernet i 2018

Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å starta arbeidet med å få til løysingar som sikrar forsvarleg akuttberedskap.


08.02.2018

Landsomfattande tilsyn 2017 med Bufetat Region vest

Hovudføremålet med tilsynet var å undersøke om Bufetat sørgjer for forsvarleg ivaretaking av bistandsplikta i akuttsituasjonar og når barn flyttar på institusjon. Vi har påpeika fire brot på krav i barnevernlovgjevinga.

Rapporten omtalar funn innan dei områda tilsynet var avgrensa til og gir ikkje ei fullstendig framstilling av arbeidet.


29.01.2018

Ivaretaking av einslege mindreårige flyktningar

IMDi har utarbeidd ei handbok for arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Vi utdjupar nokre av krava i handboka.


22.01.2018

Omlag ein tredel av alle fosterbarn i Rogaland bur i fosterheim rekruttert i familie eller nettverk

Som tilsynsmyndigheit har vi undersøkt barneverntenesta si vurdering og bruk av familie- nettverksplassering ved omsorgsovertakingar og frivillige plasseringar.


Fleire nyhende