0-24-samarbeidet. Utsette barn og unge

0-24-samarbeidet skal sørga for betre oppfølging av utsette barn og unge.
0-24-samarbeidet skal sørga for betre oppfølging av utsette barn og unge. (Foto: fylkesmannen.no)

0-24-samarbeidet er ei felles satsing frå fem departement for betre oppfølging av utsette barn og unge.

Det overordna målet for samarbeidet er at: 

  • Færre barn og unge fell utanfor.
  • Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og kan forsørga seg sjølv gjennom arbeid.

Involverte departement og direktorat arbeider for å:

  • Fjerna hinder i regelverket.
  • Samordna tiltak og verkemiddel.
  • Gjera meir av det som har effekt.

Gjennom arbeidet skal me avdekka felles utfordringar og fremja felles tiltak og strategiar for å betre kunna følga opp utsette barn og unge. Målet er å utarbeida gode arenaer, strukturar og prosessar som legg til rette for samhandling og samarbeid mellom direktorat og sektorar i eit langsiktig perspektiv. Satsinga gjeld for perioden 2015 til 2020.

Fylkesmannen har ei viktig rolle som samordningsorgan. Me skal vera pådrivar for at kommunane og fylkeskommunen utviklar eit heilskapleg og samordna tilbod til barn og unge. I dette arbeidet skal også barnekonvensjonen takast inn. 

Fylkesmannen i Rogaland har organisert arbeidet som eit avdelingsovergripande samarbeid, med forankring på leiarnivå. Me arbeider internt og eksternt for å sikra at barnekonvensjonen blir lagt til grunn i den samordna innsatsen for å få gode, heilskaplege løysningar for barn og unge.

I 2018 har vi sett oss tre mål for arbeidet i 0-24. Fylkesmannen skal medverke til at:

  • Alle barn i Rogaland veks opp utan vald og overgrep.
  • Alle barn i barneverninstitusjonar får god utdanning og god oppfølging av si psykiske helse.
  • Alle barn i Rogaland opplever å høyra til.