Barn og foreldre

Barn og ungdom skal sikrast gode og trygge oppvekst- og levekår. Vi har fleire lover som sikrar det offentlege innverknad til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørgje for dette, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytte til forholdet mellom barn og foreldre. 


27.07.2018

Meldeplikta til barnevernet har blitt meir tydeleg

For å få fleire til å melde til barnevernet når barn og unge kan vere utsett for alvorleg omsorgssvikt har plikta til å melde til barnevernet blitt klargjort i ei rekke lover.


18.07.2018

Å førebygge konfliktar på barneverninstitusjonar.

Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar.


05.06.2018

Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting

I sommarferien reiser mange til utlandet. Nokre barn og unge risikerer å bli utsette for tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre overgrep i ferien sin. Alle som arbeider med barn og unge bør ha ekstra merksemd på dette no, og beredskap for å hindre slike overgrep.


31.05.2018

Det kommunale barnevernet skal styrkast

I perioden 2017–2024 gjennomfører Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet eit kvalitets- og kompetanseløft i dei kommunale barneverntenestene. Tiltaka skal syta for at barn, unge og familiar møter tilsette med høg fagleg kompetanse og tenester av god kvalitet, uavhengig av kva kommune dei bur i.


31.05.2018

Barnevernstenesta kan ikkje la private føra tilsyn under samvær etter at eit barn er omsorgsovertatt

Tilsynet er eit kontrolltiltak som kan føra til at foreldre og barn blir nekta kontakt. Dette er svært inngripande, og tilsynet vil difor innebera offentleg myndigheitsutøving. Barnevernstenesta kan ikkje overlata til private å utøva offentleg myndigheit etter barnevernslova.


30.05.2018

Fylkesmannen i Rogaland blir endå meir digital

Eitt av regjeringa sine satsningsområde er digitalisering. Det betyr at Fylkesmannen i Rogaland nå sender mest mogleg av utgåande post digitalt. Dette gjeld både privatpersonar og verksemder.


23.05.2018

Tilsynskonferanse

Fylkesmannen vil i samarbeid med dei andre statlege tilsynsetatane i Rogaland invitera til  tilsynskonferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger den 8. november 2018.


04.04.2018

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. 


28.02.2018

Barnehagekonferansen 2018

Barnehagekonferansen 2018 er den 2. mai. Tema er Rammeplanen – Frå ide til praksis. På konferansen vil det vere fokus på pedagogen si rolle i implementering av ny rammeplan og gode verktøy for å skape høg kvalitet i barnehagen.


16.02.2018

Alle kommunar skal ha akuttberedskap for barnevernet i 2018

Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å starta arbeidet med å få til løysingar som sikrar forsvarleg akuttberedskap.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel