Arbeidsinnvandring er ei utfordring

Det er utfordrande for fleire kommunar i Rogaland å sikra barn og unge gode oppvekstvilkår når foreldra bare er her delar av året. Det er nokre av funna i kommuneanalysen til Sjumilssteget.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2015

Fylkesmannen i Rogaland har sett i gang prosjektet Sjumilssteget for god oppvekst i Rogaland. Hovudmålet er å hjelpa kommunane med å planleggja og kvalitetssikra gode tenester til barn og unge. Dette kan til dømes gjerast ved å konkretisera artiklane i FN sin barnekonvensjon. I haust fekk kommunane som er med i prosjektet, tilsend eit analyseverktøy slik at dei sjølv kan undersøka om dei ivartek det ansvaret dei har for barn og unge.

Ennå ikkje konkludert

Nå har resultata frå dei fleste kommunane kome inn, men det vil ta litt tid før den endelege rapporten er klar. Likevel teiknar det seg alt nå eit bilete der arbeidsinnvandring skaper utfordringar for mange av rogalandskommunane. Det kom fram under årets første koordinatorsamling som blei arrangert 11. februar. 16 representantar frå kommunane og Fylkesmannen deltok.

Det handlar om språk, kommunikasjon, fleirkulturell forståing – og ikkje minst integrering av barn og unge som er her bare delar av året fordi foreldra er sesongarbeidarar. Og kva gjer me når foreldra ikkje har råd til fritidsaktivitetar? Eller når foreldra ikkje har råd til å betala for barnehage og SFO?

Barnekonvensjonen i planane

Korleis kan me sikra at barnekonvensjonen og barn og unges beste er høgt oppe på prioriteringslista når nye byggjefelt blir planlagde? Eller når me vil ha ein ny veg gjennom kommunen? Det var nokre av dei andre sakene som stod på sakslista på den andre koordinatorsamling for Sjumilssteget. Det er lagt opp til totalt fire samlingar i 2015. Problemstillingane på desse samlingane kan bli tema for komande fagsamlingar og konferansar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.