Semje om Suldal

Det er nå full semje mellom kommunen og Fylkesmannen om ny kommuneplan for Suldal 2014-2025. Det er klart etter eit meklingsmøte tysdag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2015

Masseuttak på Nerheim var den einaste uløyste saka i kommuneplanen. Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegn mellom anna grunna i at Noreg manglar ein samla verneplan for kvartærgeologiske førekomstar. Verdien til området er difor ikkje endeleg vurdert. Området ligg også inne i fylkeskommunen sin rapport «Vakre landskap i Rogaland».

Vil utnytta lokale ressursar

For kommunen sin del har det vore viktig viktig å kunna utnytta sandressursar lokalt. På Nerheim er det interesserte grunneigarar, og området har ei god miljø- og transportmessig plassering i forhold til bruk av ressursane.

Kompromiss

I meklingsmøtet mellom Suldal kommune og Fylkesmannen tysdag 6. januar, blei det semje om eit kompromiss som seier at:

"Området blir lagt ut som LNF-område med omsynssone «mogleg masseuttaksområde» med vilkår om at dei kvartærgeologiske verdiane blir vurderte i forhold til dei andre registerte verdfulle kvartærgeologiske førekomstane i Su5. Konsekvensane for landskap og jordbrukskvalitetar ved eit eventuelt uttak skal også utgreiast. Det skal også vurderast alternative moglege uttaksområde i dette dalføret. Kommunen og Fylkesmannen skal i fellesskap finne kvalifisert personell til å gjere feltarbeid og utgreiingar. Fylkesmannen er samd med kommunen i at Suldal skal vere sjølvforsynte med sandressursar."

Heile meklingsprotokollen finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.