Oppdatert vêrvarsel

Fylkesmannen har mottatt ny oppdatering frå Værvarslinga på Vestlandet. Det er framleis ikke venta ekstremvêr i Rogaland, men slik prognosane er nå kan me venta oss vestleg full storm i morgon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2015

Meteorologen opplyser at nye analysar i dag tidleg viser noko meir vind enn analysane i natt.

Vinden treffer heile rogalandskysten, men me kan rekna med store lokale forskjellar.

Fylkesmannen får vidare opplyst at prognosane viser at det bles opp fra morgonen. Vinden varer heile dagen, men er sterkast midt på dagen.

Varselet ser slik ut:

Vestlandet: I morgen, laurdag, er det venta vestleg full storm 25 m/s med vindkast på 30-35 m/s i Rogaland og Hordaland. I Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal sørvest eller vestleg sterk storm 30 m/s med vindkast på 35-45 m/s, kan henda orkan 33 m/s ytst på kysten. Laurdag er det venta høge bølgjer inn mot kysten, det kan bli opp mot 10-12 meter signifikant bølgjehøgde.

Fylkesmannen følgjer situasjonen og oppdaterer kommunar og aktuelle etatar dersom biletet endrar seg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.