Kraftig uvêr i vente

Det er venta skikkeleg ruskevêr i Rogaland fredag og laurdag. Mykje vind og høge bølgjer gjer at folk bør vera varsame.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2015

– Me overvaker situasjonen nøye fordi det er eit potensielt farleg vêr, seier assisterande fylkesberedskapssjef hos Fylkesmannen, Gry Evensen.

Informerer i første omgang

Fylkesmannen har informert kommunane i Rogaland. Offentlege etatar som Statens vegvesen, politiet og sjukehus er også varsla. Dei som syt for straum i stikkontaktane og vatn i springen er i beredskap, fortel Evensen.

– Varselet gjeld heile Rogaland. Men eg må understreka at det framleis er noko usikkert kor ille det blir. Mykje vind blir det garantert, og høge bølgjer er venta inn mot kysten. Derfor bør folk vera forsiktige.

Ikkje ekstremvêr

Det er likevel ikkje rekna som ekstremvêr det som er varsla så langt. I Rogaland skal det vera sterk storm før (28 m/s) før me kallar det det, og der er me ikkje heilt ennå. Men det kan endra seg.

Her er varselet som Meteorologisk institutt har send ut i dag:

Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal:

Fredag kan det bli vestleg full storm 25 m/s sør for Bergen, med vindkast på 30-35 m/s. Laurdag er det venta vestleg full storm 25 m/s med vindkast på 30-35 m/s i Rogaland og Vest-Agder, elles sterk storm 30 m/s, kan henda orkan 33 m/s, med vindkast på 35-45 m/s. Både fredag og laurdag er det venta høge bølgjer inn mot kysten, kan bli opp mot 10-12 meter signifikant bølgjehøgde.

Oppdaterte vêrvarsel finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.