Ekstremvarsel også for Rogaland

Rogaland er nå inkludert i varselet om ekstremt vêr i dag. Det er varsla full storm, kan henda opp mot sterk storm 30 m/s. Vindkasta kan komma opp i 45 m/s.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.01.2015

Vinden er venta å bli kraftigast seint i ettermiddag. Bølgevarselet er vesentleg oppgradert og det er nå varsla signifikant bølgehøgde inn mot kysten i ettermiddag/kveld på 12-14 meter.

Mykje vind og høg vasstand

Det er også meld om høg vasstand. Denne når ikkje opp til nivået for ekstremt høg vasstand, men ein må vere merksam på at dette er ein tilleggsfaktor i forhold til skadepotensialet. Høgaste vasstand får me rundt kl. 13.00. Dette skjer ikkje samtidig med at det sterkaste vinden er venta, men Værvarslinga på Vestlandet gjer likevel merksam på at den kraftige vinden og vindretninga kan føra til oppstuing av vatn innover i fjordane.

Ekstremvarselet ligg nå ute på yr.no og blir justert i løpet av dagen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.