– Det går ikkje over!

Kommunereform var tema på både 90- og 2000-talet, men det blei med snakket. Slik blir det ikkje denne gongen, påpeikte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på det såkalla Victoria-møtet 11. desember.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.12.2014

Møtet samlar rådmenn og ordførarar frå heile fylket, og formelt sett er det eit kontaktmøte mellom Fylkesmannen og KS i Rogaland. Sanner var invitert for å snakka om kommunereforma. Han oppmoda lokalpolitikarane i Rogaland til å visa leiarskap, og ikkje minst til å gripa sjansen til å prega framtida og tilbodet i kommunane. For det handlar ikkje om partipolitikk, meiner statsråden, det dreier seg om å ta grep som gjer kommunane i stand til å yta innbyggjarane nødvendige tenester i framtida.

– Me hadde debatten oppe både på 90-talet og 2000-talet. Då gjekk det over. Nå går det ikkje over, forsikra Sanner.

15-20.000 ikkje eit krav

Lokaldemokratiet er under press og mange av kommunegrensene er ikkje føremålstenlege, meiner statsråden som har fått ansvaret for å gjennomføra den største kommunereforma på 50 år. Men han gjorde det også klart at det ikkje er eit krav at alle kommunar skal ha 15-20.000 innbyggjarar.

– Talet er likevel ikkje gripe ut av lause lufta. Poenget er at storleiken på kommunane vil spela ei rolle når det skal skapast gode fagmiljø.

Kommunereforma er godt i gang, synest Sanner, og viser til at nabopraten er godt i gang i vel halvparten av norske kommunar. Enkelte har til og med kome så langt at dei nærmar seg ein avtale som kan underskrivast.

Vedtak i 2015

– Målet er å koma i land med ein avtale i løpet av 2015 slik at ein ny kommune kan implementerast frå 2018, sa Strand-rådmann Jon Ola Syrstad i innlegget sitt på konferansen. Det er nok søt musikk i øyrene til statsråden at Strand, Hjelmeland og Forsand er godt i gang her i Rogaland. Men uproblematisk er det sjølvsagt ikkje, vedgår Syrstad.

–  Lokalisering av tenester er eit kjenslevart tema. Derfor arbeider me systematisk med den nye senterstrukturen i kommunen. Eitt kommunesenter, to-tre kommunedelsenter og fleire lokalsenter. Me gjer det klart kva innbyggjarane kan forventa av tenestetilbod innan dei tre ulike kategoriane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.