Eitt år med Magnhild

1. november 2013 var Magnhild Meltveit Kleppa på plass som fylkesmann i Rogaland. Eitt år har gått – og ho saknar verken storting eller regjering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.10.2014

– Eg var i Oslo i mai og stod på Eidsvolls plass framfor Stortinget. Eg lurte på om eg skulle stikka innom ein tur, men slo det frå meg. Nei, Magnhild, her du gjort ditt, sa eg til meg sjølv – og gjekk vidare.

Magnhild Meltveit Kleppa er fylkesmann med liten f, med ansvar for Fylkesmannen med stor F. Laurdag 1. november har ho hatt jobben i eitt år. Livet som stortingsrepresentant og statsråd er historie. Det første kapittelet blei skrive då læraren Kleppa blei valt inn på Stortinget i 1993. Det skulle bli langt fleire kapittel. Ho leia Kommunalkomiteen, var parlamentarisk leiar, sosialminister i den første Bondevik-regjeringa og både kommunal- og regionalminister og samferdsleminister i den raud-grøne Stoltenberg-regjeringa.

Statens lange arm

Men nå er ho fylkesmann, utnemnt i statsråd 26. oktober 2012. Det gjekk likevel eitt år før ho overtok etter Tora Aasland. Rett nok hadde Kleppa takka nei til attval på Stortinget, men ho måtte sjølvsagt sitja ut perioden ho var valt inn for. Etter stortingsvalet 2013 blei helgependling frå Oslo til Hjelmeland erstatta med Stavanger-Hjelmeland.

– Stavanger har alltid vore byen min. Eg har god kontakt med folk her. Dei tar kontakt med meg på gata, enten eg er i sentrum eller på veg til jobb i Statens Hus. Det liker eg godt!

Kleppa har gått frå å vera ein utøvande politikar til å representera stat og regjering i Rogaland. Det er eit stort sprang.

– Eg er veldig glad for at eg har så brei politisk erfaring. Eg veit kva som skjer når ei sak kjem til Stortinget eller på bordet til ein statsråd. Det er nyttig kunnskap i jobben som fylkesmann, men rolla er ny. Nå er eg staten sin forlenga arm i Rogaland, og det har eg eit bevisst forhold til.

Pangstart

Alt den første veka i jobben som fylkesmann kom landbruksministeren og kronprinsen på besøk til Rogaland. Det blei ein hektisk og kjekk start på jobben. Har det blitt som ho hadde tenkt?

– Eg gjekk til jobben med eit ope sinn og har ikkje fått meg dei store overraskingane, strengt tatt. Men eg er veldig glad for den store kompetansen på huset. Og det er kjekt å ha så mykje kontakt med ordførarar og lokalpolitikarar i Rogaland. Jo, forresten! Det er ein ting som har overraska meg. Det er langt fleire statlege etatar i Rogaland enn eg nokon gong hadde tenkt over. Enkelte av desse snakkar for lite i lag, så det har vore viktig for meg å skapa ein betre dialog.

Oppvekst, kommunar og beredskap

Prosjektet God oppvekst i Rogaland er godt i gang, eit viktig prosjekt for Kleppa. Det starta med ei erkjenning av at altfor mange unge droppa ut av den vidaregåande skulen. Nå tar også kommunereforma meir og meir tid. Det er ikkje fylkesmannen sin jobb å pressa på, men å leggja til rette. Rolla er likevel todelt. Når kommunane er ferdige med sine prosessar, skal fylkesmennene laga forslag til mye kart. Det blir eit stort og viktig prosjekt dei neste åra. Det same gjer klimaendringane. Beredskap og samfunnstryggleik er høgt på dagsordenen her i Rogaland, meiner Kleppa.

– Men me har sett kva som kan skje brått og uventa både i Sauda og Hå nå i haust. Me har eit velfungerande fylkesberedskapsråd, dermed er utgangspunktet vårt godt for å bli endå betre. I eit tryggleiksperspektiv er det også viktig å ta vare på matjorda vår. Rogaland har ei heilt spesiell rolle i norsk landbruk, med den beste matjorda i landet. Derfor er eg glad for at det har kome klarare, statlege retningslinjer som skal sikra matfatet vårt.

Fylkeskånå, eller...?

Forgjengaren Tora Aasland blei like ofte kalla fylkeskånå som fylkesmann. Tradisjonen lever vidare, men kva vil Kleppa helst bli kalla?

– Eg er fylkesmann, det er jo tittelen min. Men eg trivst godt med å bli kalla Magnhild. Kall meg Magnhild!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.