Villminken fjerna frå viktige verneområde for sjøfugl

Store viktige sjøfuglområde i Rogaland er no rydda for mink. Fylkesmann og fleire kommunar har saman med frivillige hatt eit stort fokus på å fjerna villmink frå prioriterte område.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.04.2014

Mink er ein innført art som kjem frå Nord-Amerika og gjer stor skade på hekkande sjøfugl. I ei tid kor sjøfuglen har dårleg tilgang på mat i havet, vert skadane mykje verre når innførte rovdyr herjar på hekkeplassen.

Skisse over minkfrie område

Viktige område av skjergarden i Rogaland er no saumfart for mink før kommande hekkesesong. Minken vert jakta med hjelp av hund. Fylkesmannen har engasjert ein ihuga jeger for å gå over prioriterte område, med stor innsats og stort utbytte.

Karmøy kommune har eit tilsvarande prosjekt i utvalde område saman med frivillige, som har gjort ein formidabel innsats over fleire år.

Særleg prioritet har viktige sjøfuglområde langt frå fastlandet (Kjør, Rott, Håstein, Kvitsøy, Vignesholmane). Her brukar minken lengre tid for å komme attende. 

Fylkesmannen i Rogaland: Skisse over minkfrie område.

Fylkesmannen reknar no den ytre skjergarden som nær sagt fri for mink. Etter sommaren vil ein søka over dei same områda på nytt, og aksjonen skal utvidast til å omfatta fleire område.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.