Samfunnstryggleik og nye trusselbilete

Vi inviterer til den årlege, nasjonale Samfunnssikkerhetskonferansen i Stavanger torsdag 9. januar 2014. Målet med konferansen er å få konkretisert aktuelle problemstillingar innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Konferansen skal i tillegg vere ein arena for nettverksbygging på tvers av fagmiljø og etatar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2013

Vi tek utgangspunkt i debatten om organiseringa av beredskaps-Noreg. Forslaget til ny politireform har nettopp vore på høyring, og vi set søkelys på sentraliseringa sitt dilemma. Løyser omorganiseringar utfordringane knytt til samfunnstryggleik og beredskap? I tillegg ønskjer vi å fokusere på samfunnstryggleik i eit internasjonalt perspektiv. Korleis kan vi dra nytte av internasjonalt samarbeid og andre land sine erfaringar? Vårt siste hovudtema tar for seg risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS). Er ROS-analysar svaret på alle spørsmål, og i kor stor grad er dei nyttige? Kva er tru og kva er kunnskap i samfunnstryggleiksarbeidet?

Nyleg avgåtte utanriksminister Espen Barth Eide, avdelingsdirektør Kaare Songstad frå Politidirektoratet, helsedirektør Bjørn Guldvog, direktør Jon Lea frå DSB og Brigadier General John W. Doucette frå NATO JWC kjem. I tillegg deltek forskarar og andre sentrale aktørar innanfor samfunnstryggleik og beredskap.

Samfunnstryggleikskonferansen er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland politidistrikt og NATO JWC.

Fullstendig program og påmeldingsskjema finn du på konferansen si heimeside.

Start arbeidsåret 2014 med fagleg påfyll! Sett av 9. januar til ein spennande start på året!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.