Eit nytt bra år for åkerriksa

For andre år på rad vart det i fjor påvist vellykka hekking av åkerrikse i Noreg; eit kull med 5 ungar, og eit reir med klekte egg, begge på Karmøy i Rogaland.  Det vart også rapportert om mogleg hekking i Oppland. I alt vart det i 2012 rapportert om 164 syngande åkerrikser.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.01.2013

Året går difor inn i rekka som det sjette beste året sidan prosjektet starta i 1995. Ut frå dei samla registreringane er det rekna ut at det i 2012 var mellom 61 og 100 hannindivid i landet. 22% av alle syngande åkerrikser blei registrert i Rogaland . Det er uvisst kor mange hofuglar som finst i tillegg.  

Hekking
To hekkingar vart også to dokumenterte. I hovudsak var det ein oppgang i Rogaland, og spesielt Karmøy, og ein nedgang på Austlandet, spesielt i Oslo og Akershus og Vestfold. Mykje kan tyda på at nedgangen i populasjonen på Austlandet denne sesongen kan skuldast dårlege vêrtilhøve sommaren 2012. Dei gode resultata frå Karmøy kan truleg knyttast til langvarig og god innsats med tiltak for åkerriksene der. Utbreiinga av syngande hannar på Karmøy i 2012 kan tyda på at det kan ha vore ei vellykka hekking rett sør Åkrehamn i 2011.

Handlingsplan
Fylkesmannen i Rogaland er ansvarleg for å koordinera handlingsplanen for åkerrikse i landet. Åkerriksa har etterkvart blitt eit svært sjeldsynt innslag i kulturlandskapet i heile landet, og har status som kritisk trua (CR) på den norske raudlista (Artsdatabanken 2010). Handlingsplanen skisserer ulike tiltak for å sikra hekkeområda best mogleg. Desse er oftast på dyrka mark, og utsett slått og tilpassa slåttemetodar er dei mest sentrale tiltaka.

Registrering
Norsk ornitologisk forening (NOF) er ansvarleg for ei landsdekkande registrering av åkerrikser. Rapporten for 2012 ligg som pdf-dokument under saman med Fylkesmannen sin rapport frå 2012. Sjå ellers informasjon om åkerriksa på www.akerrikse.no

Les 2012-oppsummeringa av arbeidet med handlingsplanen for åkerrikse via lenka i høgremenyen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.