Planlegg gardsdrift og beiterullering!

Dato:
16. januar 2020 - 18. januar 2020
Stad:
Øksnevad vgs på Klepp
Arrangør:
NLR Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland
Rett beitebruk har ein viktig rolle i regenerativt landbruk. Her beiter Angus på innmarksbeite. Foto: Ane Harestad
Rett beitebruk har ein viktig rolle i regenerativt landbruk. Her beiter Angus på innmarksbeite. Foto: Ane Harestad

Gjennom to samlingar á tre dagar vil deltakarane lære å bruke planleggings-verktøyet Holistic Management for regenerativt landbruk og heilskapleg drifts-, økonomi- og  beiteplanlegging. Velkommen til kurs på Jæren januar og mars 2020.

Kurshaldar, Anders Lerberg Kopstad, er utdanna innan agroøkologi. Han og kona har sau, høns og grønsaker og praktiserer Holistic Management på eigen gard. Han er godkjent rettleiar i Holistic management frå Savory Institute. Les meir om Anders og regenerativt landbruk.

16.–18. januar

Holistic management - grunnlaget og rammeverket for heilskapleg drift og ressursforvaltning i agroøkosystemet.

Lær å ta heilskapleg avgjersler og utvikle din eigen heilskapleg kontekst for betre styring av eigen verksemd. Sett teorien om i praktisk og økonomisk driftsplanlegging. Programmet finn du vedlagt.

5.–7. mars

Heilskapleg driftsplanlegging - økonomi-, gards- og beiteplanlegging, vurdere gardens infrastruktur og skifteplan. Lag deretter ein beiteplan for garden.

Praktisk informasjon

Kursane bygger på kvarandre, og du bør delta på begge. Kan du ikkje begge datoane, er det mogleg å delta på kurs eit anna sted i landet. Begge kursa blir heldt på Øksnevad vgs på Klepp 16.–18. januar og 5.–7. mars 2020.
Deltakaravgifta er kr 1 300.- per kurs inkludert lunsj og kaffimat.

Meir informasjon og påmelding innan 2.januar 2020 til Ane Harestad i NLR Rogaland på e-post ane.harestad@nlr.no,  tlf 94164528. 

Arrangørar: NLR Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland. 

Dato:
16. januar 2020 - 18. januar 2020
Stad:
Øksnevad vgs på Klepp
Arrangør:
NLR Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland