UTSETT - Informasjonsmøte for folkevalde på Nord-Jæren

Dato:
31. mars 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Clarion Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde Nord-Jæren (Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy)

På grunn av utviklinga av koronasjukdomen dei siste dagane, har Fylkesmannen bestemt å utsetja det planlagde informasjonsmøte for folkevalde på Nord-Jæren. Vi vil forsøka å få gjennomført arrangementet i 2020.

Publisert 03.10.2019

Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.  

Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.  

Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.  

Praktisk informasjon: 

Det blir servert lunsj. Bruk skjema for påmelding under og hugs å gi beskjed om eventuelle allergiar e.l.

Pris for deltaking er kr 550,-. Påmelding er bindane. 

Frist for påmelding er 29.01.2020

 

Dato:
31. mars 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Clarion Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde Nord-Jæren (Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy)

Dokument