Informasjonsmøte for folkevalde Jæren

Dato:
6. februar 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Bryne hotell og kro
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde Jæren (Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå)

Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å invitera til tverrfaglege regionale informasjonsmøte våren 2020 for å leggja til rette for tidleg dialog og eit godt samarbeid med kommunane.

Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.  

Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.  

Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.  

Praktisk informasjon: 

Det blir servert lunsj. Bruk skjemaet under for å melda deg på og hugs å gi beskjed om allergiar o.l.

Pris for deltaking er kr 550,-. Påmelding er bindane.

Frist for påmelding er 20.12.2019.

 

Dato:
6. februar 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Bryne hotell og kro
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde Jæren (Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå)

Kontaktpersonar

Dokument