Kveldsmøte om vipa – Tysvær

Dato:
10. mars 2020 18:00 - 21:30
Stad:
Tysvær rådhus
Arrangør:
Prosjektet Vern vipa, Karmøy ringmerkingsgruppe og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder, entrepenørar og andre vipeinteresserte

Vi inviterer bønder, entrepenørar og andre vipeinteresserte til kveldsmøte om vipa på Tysvær rådhus. Her skal vi høyre meir vipa sitt levesett, erfaringar frå satsinga Vern vipa, om regionalt miljøtilskot og om bønder som gjer tiltak på eigen gard. 

Publisert 13.02.2020

Program

Det blir kaffi og drøs frå kl 18:00, og det blir servert pizza seinare i møtet.

På programmet:

  • Velkomen ved Biodiv
  • Status for vipa
  • Habitat: kva treng vipa.
  • Vern Vipa sine erfaringar sidan 2010.
  • Pause.
  • Regionalt miljøtilskot til vipestripe, Fylkesmannen i Rogaland
  • Erfaringar frå bønder som tek vare på vipa
  • Pizza
  • Prat rundt borda, open mikrofon.
  • Takk for i dag!

Utdeling av "Vipe-diskar"

Agromiljø har fått laga diskar for å legge over reira under gjødsling med husdyrgjødsel. Diskane skal tole bruk av slepeslangar, og blir i vår testa ut av einskilde entrepenørar og bønder. Dei vil få delt ut diskane i etterkant av møtet.

Påmelding

Vi kan lokke med pizza, og treng difor påmelding. Fyll ut skjemaet og trykk send. Du vil i etterkant få ein e-post som stadfester påmeldinga. Dersom du ikkje får ein slik e-post må du ta kontakt med Margit Reisersen

Dato:
10. mars 2020 18:00 - 21:30
Stad:
Tysvær rådhus
Arrangør:
Prosjektet Vern vipa, Karmøy ringmerkingsgruppe og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder, entrepenørar og andre vipeinteresserte