Tilsynskonferanse

Dato:
8. november 2018 09:30 - 15:00
Stad:
Clarion Hotel Energy
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Ordførarar, rådmenn og tenestesjefar i kommunane, leiar for kontrollutvala, KS Rogaland og kommunerevisjonane i fylket.
Påmeldingsfrist:
05.11.2018 15:30:00

Fylkesmannen vil, i samarbeid med dei andre statlege tilsynsetatane i Rogaland, invitera til  tilsynskonferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger den 8. november 2018.

Fylkesmannen i Rogaland har i mange år jobba for å samordna dei statlege tilsyna i Rogaland. Me vil saman med Arbeidstilsynet, Arkivverket, Kartverket, Mattilsynet og  Skatt vest fortelje litt om korleis me jobbar med tilsyn, og samordning av tilsyna i fylket. Det er ei ny kommunelov på trappene og me vil sjå på dei føreslåtte endringane i kapittel  10A som gjeld statlege tilsyn med kommunane og samordning av tilsynsverksemda. Me ønskjer også å invitera nokre kommunar til å fortelje litt om sine erfaringar med tilsyn frå statlege etatar.   

Me håpar at konferansen kan vere med å bidra til ein god dialog rundt tilsynsrolla og kommunane sine opplevingar, erfaringar og arbeid med ulike tilsyn. 

Målgruppa for konferansen er ordførarar, rådmenn og tenestesjefar i kommunane, leiar for kontrollutvala, KS Rogaland og kommunerevisjonane i fylket.

Førebels program for konferansen finn de til høgre under "Dokument".

Kursavgifta er kr 850, og påmelding er bindande.

 

Fylkesmannen ønskjer vel møtt til Tilsynskonferansen!

 

Dato:
8. november 2018 09:30 - 15:00
Stad:
Clarion Hotel Energy
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Ordførarar, rådmenn og tenestesjefar i kommunane, leiar for kontrollutvala, KS Rogaland og kommunerevisjonane i fylket.
Påmeldingsfrist:
05.11.2018 15:30:00