Unngå miljøskade ved arbeid i sjø

Dato:
4. april 2019 08:30 - 16:00
Stad:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Kommunar (teknisk, byggesak, VA, plan), byggherrar, miljøkonsulentar, andre verksemder
Påmeldingsfrist:
12.03.2019 00:00:00
Illustrasjonbilde av utfylling i sjø frå Lysebotn
Illustrasjonbilde av utfylling i sjø frå Lysebotn (Foto: Lyse Produksjon AS)

Fylkesmannen inviterer til seminar om mudring, utfylling, dumping, sprenging og peling i sjø 4. april 2019 på Clarion Hotel Energy i Stavanger. Seminaret er for partar involvert i saksgangen i samband med Fylkesmannens «Søknad om tiltak i sjø».  Påmeldingsfristen var 12.mars.

Fylkesmannen er forureiningsmyndigheit i dei fleste saker som omhandlar mudring, utfylling, dumping, sprenging eller peling i sjø. Dette seminaret gir utdjupande informasjon i samband med søknadsprosessen for tiltak i sjø.

Foreløpig program:

08:30 - 09:00    Registrering, kaffi, te og lett servering

09:00 - 16:00    Innleiing - bakgrunn for søknader

Planavklaring og forureiningslova

Fylkesmannens ulike roller

Tiltak i høve til reguleringsplan/kommuneplan

Dispensasjon og byggeløyve

Behandling etter forureiningslova

Gjennomgang av M-350 med vekt på utvalde tema

Vurdering av naturmangfaldet i tiltaksområdet og influensområde – kva ser me etter?

Viktige naturtypar

Gyteområdet/felt

Trua artar

Lakseførande del av vassdrag

Bør naturmiljøet undersøkast på førehand?

Plast i sprengsteinmassar ved Statens Vegvesen

Handtering av sediment

Gjenvinning, lovleg mottak eller anna disponering

Bakgrunn og informasjon om prøvetaking 

Lov om kulturminne (kulturminnelova) ved maritime arkeologane

Gjennomgang av søknadsskjema & søknadsprosess

Oppsummering

 

Praktisk informasjon

Sted: Clarion Hotel Energy, Ishockeyveien 2, Stavanger. Tlf. 51 34 78 00

Lunsj:  kl: 11:30

Pris: kr 950,-  som inkluderer deltaking på konferansen, lett servering i pausane, lunsj og kaffi/te heile dagen. Påmeldinga er bindande. Deltakarane får tilsendt faktura etter konferansen. Hugs difor å registrere fakturaadresse ved påmelding. Dersom de har elektronisk faktura, så skriv inn organisasjonsnummer.

Påmeldingsfristen har gått ut.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål.