Søknad om utfylling i sjø ved Kulimportkaia, Stavanger kommune


Høyringsfrist 30. april 2019 00:00

Eigedomsutvikling ved Kulimportkaia i Stavanger kommune. Kilde: Søknad/Alliance Arkitekter
Eigedomsutvikling ved Kulimportkaia i Stavanger kommune. Kilde: Søknad/Alliance Arkitekter

Skanska Eiendomsutvikling AS har søkt om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16. Søknaden gjeld utfylling i sjø ved Kulimportkaia, eigedomen 22/365 i Stavanger kommune.

Søknaden omfattar utfylling med ca. 47 000 kubikkmeter steinmassar av fyllitt frå sykehustomta. Føremålet med tiltaket er å etablere grøntområde og tursti/promenade i samband med eigedomsutvikling.

Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Stavanger kommune, Innbyggerservice, Olav Kyrres gate 23, Stavanger.

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 4 veker frå utleggingstidspunktet.

Sjå søknad og høyringsdokument i lenkene til denne nettsaka.