Søknad mudring og peling av gjestehamna i Vågen, Sandnes


Høyringsfrist 07. juni 2019 00:00

Sandnes kommune har søkt om løyve etter forureningslova til mudring og peling for å utbetre eksisterande kai i Indre Vågen.

Søknaden omfattar mudring av ca. 750 m3 sedimentmasse, samt peling og utfylling på eigedom 111/1203,253 Sandnes kommune. Søknaden blir lagt ut til offentleg ettersyn i Sandnes kommune, servicekontoret, postboks 583. Høyringsbrev og søknad er og publisert i dokumentlenkene til denne nettsaka.

Uttaler frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet.