Søknad om dumping i sjø og utslepp av tunneldrivevatn i Lysefjorden


Høyringsfrist 02. mai 2019 00:00

Småkraft Utbygging AS har søkt om løyve etter forureiningslova til dumping av overskotsmassar og utslepp av tunneldrivevatn ved eigedommane 18/1 og 16/1 i Forsand kommune.

Tiltaket vert utført i samband med etablering av Nordåna og Dalaåna kraftverk. Utfyllingsvolum i sjø er ca 20 000 (±500) m3 tunneldrivemassar. Anleggsvatn frå tunneldrivinga og frå anleggs-/riggområder er søkt sleppt ut i Lysefjorden og Dalaåna.

Søknaden vil bli lagt ut til høyring i Forsand kommune, Fossanvegen 380, 4110 Forsand.

Uttale frå interesserte kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker.

Sjå søknad og høyringsdokumenta i lenkene til denne nettsaka.