Søknad om arbeid i sjø ved Risøya i Haugesund kommune


Høyringsfrist 04. februar 2019 00:00

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Aibel AS om løyve etter forureiningslova § 11, jf. § 16 og forureiningsforskrifta § 22.

Søknaden gjeld utdjuping av sjøbotn ved sprenging, mudring av ca. 12 000 m3 sjøbotnsediment, samt dumping av muddermasse på større djup. Tiltaket vil røra eit sjøbotnareal på ca. 19 500 m2. Formålet med tiltaket er å sikre tørrdokkas funksjonalitet. Sedimenter i området er antatt forureina med blant anna TBT, nikkel, sink, PCB og PAH-forbindelsar. Det er registrert tareskog og skjelsand i tiltaksområdet, og fleire nær-trua og trua fugleartar i nærleiken.

Søknadsdokumenta vil bli lagd ut til høyring i Haugesund kommune, Kirkegata 85, 5528 Haugesund.

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 4 veker frå utleggingstidspunkt.

Sjå søknad og høyringsdokument i lenkene til denne nettsaka.