Framlegg til frivillig skogvern - Nordåker naturreservat


Høyringsfrist 05. mai 2019 23:59

Haustingsskog i Nordåker naturreservat
Haustingsskog i Nordåker naturreservat (Foto: Erik Steen Larsen / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Nordåker i Tysvær kommune.

Høyringsbrev, framlegg til forskrift for Nordåker naturreservat, framlegg til vernegrenser for Nordåker naturreservat og ein oppsummering av merknader til melding om oppstart av verneprosess i Nordåker, er publisert i dokumentlenkene i denne nettsaka.

Fylkesmannen ber om tilbakemeldingar innan 5. mai 2019. Uttale kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.