Vil møte villrein-problema med meir heilskapleg forvaltning

Mange aktører deltok på Hjerkinn.
Mange aktører deltok på Hjerkinn.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen vil møte utfordringane for villreinen med at ein ser meir heilskapleg på forvaltinga, der den lokale forvaltinga er sentral. Fylkesmann Sigurd Tremoen sa at vi er i ei kritisk fase for villreinen då han opna dialogmøte om villreinen laurdag (29.08.)

-Dette er våre fjellområde, men vi eig dei ikkje. Vi har dei til låns og no er vi, etter mitt skjønn, inne i ei kritisk fase for villreinen, sa fylkesmannen i Oppland, Sigurd Tremoen, då han opna møtet med statsråden og eit 20-tals aktørar i villreinforvaltinga, som var samla på Hjerkinn.

Bekymra for villreinen i eit langtidsperspektiv
Bakgrunnen for møtet var eit bekymringsbrev som fylkesmennene i Hedmark og Oppland sende til Klima- og miljødepartementet i vinter.

Les meir om brevet her.

Tremoen understreka at det ikkje er ofte fylkesmennene sender ut slike brev, noko som viser alvoret i situasjonen. Han trakk spesielt fram utfordringane med å forvalte villreinen i eit langtidsperspektiv.  -Det er ein art som var livsviktig for våre forfedre. I dag er det vi som er livsviktige for den. Det er ein viktig del av vår historie og vår nasjonale identitet.

Han viste til at det er gjort mykje for å ta vare på villreinen, men at det ikkje er godt nok i det lange løp. Det trengs ei heilskapleg og langsiktig forvalting. Ein må sjå det som blir gjort i ein større samanheng, og det er summen av mange tiltak i verneområdet som er hovudproblemet, ikkje større enkelttiltak som kraftutbyggingar. I Noreg finst 90 prosent av den attverande villreinen i verda og vi er internasjonalt forplikta til å ta vare på arten. Samstundes viser forsking frå NINA at reinen sine leveområde blir stadig meir fragmentert.

Mei økosystembasert forvaltning
Ola Elvestuen starta med å seie at ein vil jobbe for vidareføring  av det lokale ansvaret for  forvalting av villreinen.

Han sa og at sjølv om klimakrisa er den største miljøutfordringa vi står overfor i dag, må vi likevel ikkje gløyme andre viktige problem, slik som tap av artsmangfald. Han la vekt på at ein må legge til rette for ei mykje meir økosystembasert forvaltning for å bremse denne utviklinga. Det vil seie at ein ser heilskapleg på forvalting av natur og miljøressursar.

Statsråd Elvestuen kommenterte og den planlagde «kvalitetsnormen» for villreinen: -Når kvalitetsnormen for villrein kjem, må ein gjennomføre tiltak for at det skal vere vits i normen. Er du på raudt skal du over i gult og er du på gult skal du over i grønt. Skal normen ha ei meining, må den føre til tiltak. Mange aktørar skal helst dra i same retning for å få det til, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Seniorrådgjevar Vemund Jaren frå Miljødirektoratet fylgde opp Elvestuens innlegg med ei utdjuping av nasjonal villreinforvalting. Han var innom tema som dei regionale villreinplanene, verdiskapingsprogram, miljøkvalitetsnorm for villrein og skrantesjuke.

Alvorleg nedgang i arealet villreinen brukar
I sitt innlegg viste villreinforskar i NINA, Olav Strand, korleis reinen sine leveområde har endra seg dramatisk på ganske få år. Så seint som i 2009 vart det observert villrein som trakk over på aksen mellom Mysusæter og Rondvassbu. NINA har gjennomført eit prosjekt med GPS-registrering av reinen sine vandringar. Denne kartlegginga viser mellom anna at reinen nord i Rondane ikkje lenger legg ut på lange vandringar mellom ulike beiteområde, men i staden brukar eit langt mindre område enn tidlegare gjennom heile året.

NINA meiner at det må gjennomførast direkte tiltak for å avgrense ferdsla inn i dei sentrale villreinområda , då vil ein kunne få att villreintrekket mellom nord og sør i Rondane. For at det skal skje meiner Strand at ein i staden må ein legge til rette for oppleving og aktivitet i randsonene. Han understreka at ein må ha mot til å ta vanskelege avgjersler, og samstundes styrke tilliten og samarbeidet mellom dei ulike aktørane i verneområda.

Meir lokal forvalting og betre dialog
Søknadar om å bygge fleire hytter, avvikle sportsarrangement gjennom verneområdet, utbygging av småkraftverk og preparering av skiløyper innover i fjella. Det var nokre av døma som Marit Vorkinn, seniorrådgjevar i Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Oppland, brukte for å vise mengda av enkelttiltak det blir søkt om Rondane nasjonalpark i løpet av eit år. Ei sentral utfordring er å sjå alle dei mindre tiltaka samla. Fylkesmannen meiner at ein manglar gode styringsverkty for tiltak som ikkje fell inn under Plan- og bygningslova, som tilretteleggingstiltak for friluftsliv, brøyting av vegar og konkurranser/arrangement.  Fylkesmennene i Hedmark og Oppland har teke initiativ til  å etablere eit regionalt areal-og ferdsleregister og villreinnemnda har også foreslått etablering av eit friviljug fjellvern.

Mange planer finns, meir dialog blei etterlyst
Leiar av Rondane-Dovre nasjonalparkstyre, Bengt Fasteruane presenterte besøksstrategien for Rondane nasjonalpark. Eit strategisk hovudgrep for nasjonalparkstyret er å legge til rette i ytterkant og gjennomføre avbøtande tiltak lengre inn. Informasjon vil og vere viktig, og Fasteraune etterlyste ein felles portal for dei norske nasjonalparkane. KLD lovte å sjå nærare på dette.

Fylkesvaraordførar Aud Hove presenterte regionalplanen for Rondane-Dovre, og viste til at fylkeskommunen har hatt innsigelse til mange kommuneplanar ut frå villreinomsyn. Ho meinte at planen difor hadde fungert.

Det har utan tvil vore mange konfliktar mellom reiselivsaktørar og forvaltinga i Rondane opp gjennom åra. Geir Arne Hageland er styremedlem i Nasjonalparkriket Reiseliv, og han etterlyste betre dialog og samarbeid. Deira målsetjing er at Rondane og dei andre verneområda i regionen skal bli berekraftige destinasjonar.

Leder i Villreinforum Rondane-Sølnkletten, Jan Olav Solstad etterlyste betre lokal forankring og lurde på om ein lokalt og regionalt greier å bli samde om felles berekraftig forvalting av villreinen? Korleis kan kvar enkelt bidra? spurde han.

Kontaktpersoner

SAGT I DIALOGEN

Jan Erik Reiten, DNT Oslo og Omegn, karakteriserte  dei som var til stades for ei «utvida villreinmenigheit» og savna ei større breidde på inviterte aktørar. DNT er ofte med i villreindiskusjon- og er både ein del av problemet og ein del av løysinga. Han viste mellom anna til FoU-Horisont Snøhetta som førte til at dei tok på seg drifta for bussen til Snøheim. I Rondane har dei vore med på å legge ned ein del stiar, flytting av DNT-hytta Gråhøgdbu mm. DNT ynskjer å vere med i diskusjonen og vere med å lage gode løysingar, sa han.

Ole Morten Fossli, Forum for Natur og Friluftsliv Oppland: -Riksrevisjonen gjorde for 11 år sidan ei undersøkingar om berekraft i arealdisponering i Noreg. Hyttebygging i villreinområde hadde auka kraftig sidan 1980-talet.FNF Opland meiner vi har  nådd eit metningspunkt i talet på hytter allereie. Viktig med stopp i utviding i hyttebygging i område knytt til villrein.

Leiar av Villreinnemnda for Rondane-Sølnkletten, Jørund Båtstad sa at det er absolutt naudsynt å gjere noko med trafikken i Spranget – Mysusæter – Rondvassbu. Ein må ha ei heilskapleg tenking, få villreinen inn mot områda rundt Spranget før ein veit om ein kan få dei til å trekke over att. Ein må tenke nøye gjennom kvar ein skal ha guida turar og vise kløkt, sa han. 

Hans Bondal, leiar i Villreinutvalget i Rondane Sør, etterlyste meir kunnskap om korleis rovdyr påverkar bestandssvingningar hjå villreinen. Han peika og på at lokalbefolkingas gamle rettar måtte prioriterast.

Raymond Sørensen i Norsk Villreinsenter Nord, sa: -Det er kompliserte og samansette problemstillingar, men med tiltaka som er foreslått i dag hadde villreinen i Rondane hatt det betre. Ein må våge å ta tøffe val.Kunnskapen ligg der til å ta vala, men nokon må ta dei. Rondane er komplisert og dialogen mellom alle partar er særs viktig.