Skjønnsmidlar til ekstra utgifter

For ei tid sidan fekk fylkesmennene i oppdrag å identifisere kommunar som har hatt spesielt store kostnader på grunn av koronakrisa. No skal vi fordele 500 millionar kroner til kommunane som har hatt store ekstrakostnader.

Gjennom heile pandemien har kommunane jamleg rapportert til Fylkesmannen. Desse rapportane blir samanstilt til nasjonale styresmakter og gir god innsikt i situasjonen. Kommunane har rapportert både på smittesituasjonen og på konsekvensar for kommuneorganisasjonen og tenestene som kommunane yter.

Kommunane har også i ein normalsituasjon ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik for innbyggjarane og å sikre den lokale beredskapen knytt til uønskte hendingar. Kommunane syter for grunnleggande helsetenester, tenester til barn og unge og kritisk infrastruktur som vassforsyning. Då koronakrisa råka Noreg, vart det viktig å oppretthalde alle desse funksjonane parallelt med testing, smittesporing og behandling av dei som er koronasmitta.

500 millionar kroner ekstra

Koronapandemien har ført til store utgifter for kommunane, og for mange kommunar har store smitteutbrot lokalt vore krevjande. Førre månad vedtok Stortinget endringar i statsbudsjettet for 2020 som mellom anna inneber at kommunane får 500 millionar kroner ekstra. Det er fylkesmennene som skal fordele skjønnsmidlane. Regjeringa har fastsett fylkesramma, og på grunn av store smitteutbrot er det Oslo og Viken og Vestland som fekk den største skjønnsramma. Til saman er det i år tildelt 1,3 milliardar kroner i skjønnsmidlar, inkludert desse siste 500 millionar kronene. Innan 1. desember skal fylkesmennene rapportere til Kommunal- og moderniseringsdepartementet på korleis dei har fordelt midlane i sine fylke.  

Målretting av midlar

I tillegg vurderer regjeringa om dei skal fremje framlegg til Stortinget om å gje ytterlegare løyvingar gjennom skjønnsramma. Smittetrykket har auka i haust, og det kan hende at kompensasjonane som er gitt så langt ikkje godt nok har fanga opp variasjonane i kor store utgifter kommunane har hatt til arbeidet med testing, isolering, smittesporing og karantene. Desse fire oppgåvene – testing, isolering, smitteporing og karantene – blir definert som ein nasjonal strategi for å stoppe utbrot av covid-19, og er ofte forkorta til TISK-strategien. Fylkesmennene bidreg i arbeidet med å gje eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for styresmaktene.