Vis omsyn til dyra i sommarferien

Husdyr på beite er eit kjent og kjært syn sommarstid. Men når dyr får i seg søppel, blir harmonien borte og store lidingar eller død eit faktum.

I sommar skal vi ha noregsferie, dei aller fleste av oss. Oppmodinga frå landbruks- og matminister Olaug Bollestad er klar: Vis omsyn til dyra, ta søppelet ditt med heim! Kast ikkje metallboksar i naturen – dette er matfatet til dyra! Om dyra får i seg metall, kan det føre til indre blødningar og død.

Kampanjestart

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har saman med nestleiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, starta Norges Bondelags landsomfattande informasjonskampanje "Pant boksen". Målet er å gjere folk bevisste på kva som faktisk kan skje dersom du slenger frå deg brus- og ølboksar i naturen.

Vern om husdyra

Magnhild Strand, mjølkeprodusent i Beito, registrerer at det blir kasta meir og meir boksar der det ferdast mykje folk. Familien leiger eit jorde på Beitostølen der eigaren, i samarbeid med turistnæringa, gjennomfører ei grundig rydding av alt søppel som har hamna på jordet i løpet av vinteren. Strand set stor pris på at denne jobben vert gjort kvar vår.

Bønder mange stader fortel om ein innbitt kamp mot skarpe metallbitar frå aluminimumsboksar som er hamna i åker og eng. Metallbitane vert kutta opp under innhausting og hamnar til slutt i fôret til dyra. Slikt søppel kan lett ta livet av husdyra våre. 

Lett å løyse

Korleis kan du bidra til at verda blir ein tryggare og betre stad for dyra? Ta med deg søppelet ditt heim! God sommar – og velkomen til gode opplevingar i ferielandet Noreg!