Klage på karakter i grunnskulen

Alle elevar kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter. 

Skulen skal informere elevar og foreldre

Skulen skal informere elevar og foreldre om høvet til å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde. Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngiving for karakterar i fag eller orden og åtferd, og krevje grunngiving dersom det ikkje blir fastsett standpunktkarakter.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar, frå melding om vedtaket er komme fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Eleven sender klagen til skulen

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og vere underskriven av klagaren eller ein med fullmakt. Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Fylkesmannen, med kopi til klagaren.

Spesielt for våren 2020

På grunn av koronaviruset denne våren er at standpunktkarakterane kan fastsetjast så seint som skolen meiner det er formålstenleg å gjere det. Sjå informasjon på Utdanningsdirektoratets nettsider, www.udir.no. Eventuelle endringar i regelverket for fastsetjing av standpunktkarakter blir publiserte på nettsidene til direktoratet, og skulane blir informerte. Ei følgje av at standpunktkarakteren kan fastsetjast så seint som mogleg, kan vere at klagebehandlinga strekkjer seg over lengre tid.

Skulen sender klagen til Fylkesmannen

Vi ber rektor sende inn klager via elektronisk skjema. Du som klagar skal ikkje bruke dette skjemaet . Det elektroniske skjemaet er det berre skulen som skal bruke når skulen sender klagen til Fylkesmannen.

Elektronisk innsending gjer skulen her.