Vårflaumen er i gang

På landsbasis har vinteren vore mellom dei 5–6 mest snørike åra sidan 1958. Korleis vårflaumen utviklar seg, er avhengig av vêret framover.

Snømengde er det viktigaste grunnlaget for å seie noko om risikoen for stor vårflaum. NVE har rekna ut snømengde for heile landet basert på nedbør- og temperaturdata frå Meteorologisk institutt tilbake til 1958. På landsbasis er dette året blant 5–6 mest snørike åra sidan 1958. Snømengda er spesielt stor i Troms og Finnmark.

Det er framleis stor fare for stor vårflaum i Nord-Noreg. Også i Sør-Noreg er risikoen framleis stor i elvar som har ein vesentleg del av dreneringsområdet dekt med snø.

Varsom.no har oppdatert informasjon om utviklinga.