Årsrapportar for alle fylkesmennene

Årsrapportane frå alle fylkesmannsembeta er samla i ein eigen portal. No er rapportane for 2019 tilgjengelege. 

Fylkesmennene rapporterer til Kommunal- og moderniseringdepartementet innan 1. mars kvart år. Årsrapportane vert gjort tigjengelege for omverda så snart dei er leverte. Alle årsrapportane for 2019 er samla på styringsportalen for fylkesmennene.

Styringsportalen har funksjonar som gjer det enkelt å samanlikne embeta. Du kan også vise rapportar frå tidlegare år. På den same nettstaden får du også sjå kva oppgåver fylkesmennene har.