Kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald

Stortinget har bestemt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 1. februar 2025. Pelsdyrbønder kan søkje Fylkesmannen om kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg.

Fylkesmannen skal forvalte kompensasjonsordninga etter avvikling av hold av pelsdyr. Kompensasjonsordninga er under etablering.

Landbruksdirektoratet har oppretta eigne sider der du som pelsdyrbonde kan finne informasjon om gjeldande regelverk, og korleis du søkjer om kompensasjon.

Sidene blir oppdaterte etter kvart som ny informasjon er klar. Landbruksdirektoratet kjem også til å lage ein mal for korleis riving og opprydding skal gjerast. 

To typar kompensasjon

Søk om kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald (elektronisk Altinn-skjema) 

Du som pelsdyrbonde kan òg søkje om å få dekt utgifter i samband med riving og opprydding etter avvikling av produksjonen. Du må utarbeide ein plan for arbeidet som viser korleis og når arbeidet skal gjennomførast. Ver merksam at du må ha løyve til riving etter anna gjeldande regelverk som t.d. plan- og bygningslova, forureiningslova. Kontakt kommunen om dette.
Søk om kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus (elektronisk Altinn-skjema) 

For begge kompensasjonsordningane er det slik at du skal sende søknaden til Fylkesmannen i ditt fylke. Sjå lenkene til høgre dersom du ønskjer å bruke papirskjema.

Klagerett

Vedtak om kompensasjon er eit vedtak som du har klagerett på. Dersom du ønskjer å klage på vedtaket til Fylkesmannen, skal du sende klagen til Fylkesmannen som gjorde vedtaket. Dersom Fylkesmannen opprettheld vedtaket sitt, blir klagen endeleg behandla av Landbruksdirektoratet.

Fristar

  • Frist for å søkje om kompensasjon for bokført verdi, avlstisper og større påkostningar er 12 månader etter at du avvikla pelsdyrhaldet.
  • Frist for å sende inn søknad om kompensasjon etter riving og opprydding er 31.12.2025.