Lone Merethe Solheim er konstituert som fylkesmann i Rogaland

Lone Merethe Solheim er i dag konstituert som fylkesmann i Rogaland
Lone Merethe Solheim er i dag konstituert som fylkesmann i Rogaland (Foto: Livar Særheim / Fylkesmannen i Rogaland)

– Med solid leiarerfaring frå fleire av fagavdelingane i embetet, utpeikte Solheim seg som den beste kandidaten til å leia embetet dei neste åra, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Bent Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Rogaland. Høie tiltrer embetet etter at han går av som stortingsrepresentant hausten 2021. Lone Merethe Solheim er konstituert som fylkesmann fram til Høie tiltrer. 

Avdelingsdirektør i dag

Lone Merethe Solheim er 54 år. Ho er i dag avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland.

Ho har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Solheim har arbeidd hos Fylkesmannen i Rogaland sidan 2002. Den gongen kom ho til Fylkeslegen i Rogaland frå Fylkesskattekontoret. Fylkeslegen blei seinare ein del av fylkesmannsembetet.

Brei erfaring frå Fylkesmannen i Rogaland

Solheim har vore assisterande direktør i helse- og sosialavdelinga. I 2012 blei ho tilsett som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga. Hausten 2018 var ho ein liten tur innom den nyoppretta Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten, men kom relativt raskt tilbake til avdelingsdirektørjobben hos Fylkesmannen.

Frå Tjøme i Vestfold

Solheim vaks opp på Tjøme i Vestfold, men flytta til Stavanger i 1988. Ho er gift og har tre barn.

Begynner før sommarferien

Endeleg dato for når ho tar over etter fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er ikkje avklart, men det blir før sommarferien ein gong.